The Three Ravens

«The Twa Corbies», illustrasjon av Arthur Rackham til Some British Ballads

«The Three Ravens» (Child 26, Roud 5, norsk versjon «Ravnene») er ei engelsk folkevise. Ho vart fyrst trykt i songboka Melismata[1] skriven ned av Thomas Ravenscroft og publisert i 1611, men er kanskje eldre enn det. Nyare versjonar (med anna musikk) vart registrert opp til nær 1900. Francis James Child skreiv ned fleire versjonar i hans Child Ballads (katalogisert med nummer 26). Ein skotsk vanleg variant heiter «Twa Corbies» («Two Ravens» eller «Two Crows»), og følgjer generelt ei liknande soge, men med ein kynisk tvist.

Balladen omhandlar tre åtselfuglar som snakkar om kvar og kva dei skal ete. Ein nemner ein riddar som nyleg er slått i hel, men dei finn ut at dei lojale haukane og hundane hans vaktar over han. I tillegg er «fallow doe» ein metafor for den gravide kjærasten til riddaren som kjem til han, kyssar såra hans, ber han bort og gravlegg han, slik at ramnane ikkje har noko å ete. Forteljaren går gradvis bort frå synspunktet til ramnane og endar med «God send euery gentleman/Such haukes, such hounds, and such a Leman».

  1. Thomas Ravenscroft, William Ravenscroft (1611). «Covntry Pastimes». Melismata. s. 20. Henta 22. juni 2013. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy